Petter Dyrkorn - samlinga
Eit lokalmuseum for arkeologi og geologi på Fjørtoft i Haram


 

Gneis, eklogitt og mikrodiamantar

Fjørtoft - ein del av den vestlege gneisregionen
UHP-bergartar
Mikrodiamantar og coesitt

Berggrunnen på nordaustsida av Fjørtoft er verdskjent og svært spesiell. Forskarar frå mange land møtest årleg på konferansar og diskuterer "diamantgneisen" og eklogitten frå Helvika, Knurrvika og Volsvika. Korleis har denne bergstrukturen blitt til? Korleis kan det ha seg at det er blitt danna så sjeldne mineral som coesitt og mikrodiamant i han? Dei diskuterer også korleis diamantgneisen og eklogitten har blitt avdekka og kome opp frå djupet att.

 

 

Granat-kyanitt-gneis frå Vågholmen, Fjørtoft, 12 cm lang

 

Granatperidotitt frå Fjørtoft


Fjørtoft - ein del av den vestlege gneisregionen

Til toppen av sida


Fjørtoft ligg i den såkalla "Vestlege gneisregionen" i Noreg. Dette er eit område som stammar frå den kaledonske fjellfaldinga for om lag 450 - 350 mill. år sidan. Då kolliderte Den skandinaviske landplata med det som då var Grønland og Canada. Det vart då pressa opp ei fjellrekke som geologane kallar "Kaledonidane" etter Caledonia, som er eit gamalt namn på Skottland. I Noreg sette denne prosessen store spor etter seg. Havbotnen utanfor kysten vart falda saman, pressa opp i fleire tusen meters tjukkleik og rett og slett bretta inn over landet. Gneisregionen strekkjer seg frå Sognefjorden til Trondheimsfjorden og er om lag 300 km lang og 150 km på det breiaste.

UHP-bergartar

Til toppen av sida

Den vestlege gneisregionen innheld bergartar som vart utsette for høgt trykk og temperatur i rotsona av den kaledonske faldinga. Seinare er fjella blitt nedslitne, og rotsona er blitt avdekka og kome opp i overflata. Den vestlege gneisregionen er restar frå djupet under den kaledonske faldinga. Bergartar som har vore utsette for ekstremt høgt trykk og temperatur kallar geologane UHP-bergartar (Ultrahigh pressure rocks). Det handlar om trykk på minst 28 kilobar og temperatur på om lag 700 grader Celsius. Under slike forhold blir det danna mineral som coesitt og diamant.

Den amerikanske geologen Mike Terry har gjort grundige undersøkingar av desse bergartene og fortel at granat-kyanitt-gneisen og eklogitten på nordaustsida av Fjørtoft er danna under trykk på 34 - 39 kilobar ved 820 grader Celsius. På Nogva har Mike Terry funne eklogitt som har vore utsett for trykk på 30 - 36 kilobar. Dette har skjedd 125 km nede i jorda. Seinare har denne bergstrukturen blitt pressa opp og dels sliten ned gjennom nedbrytinga av den kaledonske fjellrekka.


Eklogitt, granat-kyanitt-gneis og granatperidotitt.
Eklogitten og granat-kyanitt-gneisen er flotte å sjå på. På Fjørtoft og Skuløy er det også forekomstar av granatperidotitt. Granatperidotitten, som er ein olivinbergart med granatar i, er danna djupt nede i jordmantelen. Det vesle "bryneberget" ved Nytun er såleis ein gjest frå djupet under jordskorpa! Granatperidotitten finst også andre plassar på øya.


Mikrodiamantar og coesitt

Til toppen av sida


At det er danna diamant i gneisen og eklogitten er svært spesielt. Liknande funn er gjort i Dabie-fjella i China og i fjellmassivet Kochetav i Kazakhstan. Då den russiske geologen Larissa Dobrzhinetskaya fann mikrodiamantar på Fjørtoft i 1993 oppstod det straks spekulasjonar om at det måtte vere forureining frå diamantsagblad eller liknande som hadde kome inn i prøvene. Seinare er det teke andre prøver. Også desse stadfester innhald av diamantar. Heilt nytt (2002) er at den nederlandske geologen Hermann Van Roermund har funne diamant i ein granatperidotitt frå ein mindre kjend lokalitet på Fjørtoft.

På slutten av 1990-talet har Mike Terry og andre geologar også funne spor etter det svært sjeldne mineralet coesitt i eklogitten på Fjørtoft og Skuløy/Flemsøy. Coesitt er eit mineral som blir danna av kvartskrystallar under eit trykk på minst 28 kilobar og temperatur på om lag 700 grader. Det toler ikkje å kome under lågare trykk - då går det tilbake til kvartsform igjen. Coesitt kan berre finnast som småkrystallar "innepakka" i andre mineralkrystallar som til dømes granat.


Viktig for vitskapen
Mikrodiamantane er så små at dei kan ikkje sjåast utan mikroskop - det kan ikkje lagast smykke av dei. Heller ikkje er forekomsten så stor at diamantane kan vinnast ut til industriell bruk. Gneisen inneheld kyanitt som igjen inneheld titanmalm. Store utanlandske industrikonsern har vore på Fjørtoft og undersøkt forekomstane utan at det har skjedd noko meir. Men den spennande berggrunnen på Nordøyane er svært viktig for vitskapen og for forståinga av dei prosessane som formar jordskorpa og jordoverflata.

 

Harald Dyrkorn 2100 Skarnes, tekst og foto ©
mob.tlf.: 47347859