Petter Dyrkorn - samlinga
Eit lokalmuseum for arkeologi og geologi på Fjørtoft i Haram


 


Storeggaraset - ein naturkatastrofe

For om lag 7200 år sidan - nokre hundre år før havnivået var på sitt høgste - skjedde det ein naturkatastrofe av nesten ufatteleg omfang på Mørekysten. Det gjekk eit stort undersjøisk ras utanfor Storegga. Storegga er eit jordskjelvområdet, så det kan vere eit jordskjelv som utløyste det. Om lag 1700 kubikk-kilometer avsetningsmasse rasa ut frå kontinentalsokkelen og langt utover i havdjupet i Norskehavet. Dette raset utløyste ei stor flodbølgje som vi i dag kan sjå merke etter mellom anna på Sunnmøre og i Skottland.

Animasjon av tsunamien (mpg 650 kb)

På Leinøy og Bergsøy har kvartærgeologane funne merke etter bølgja i nokre tjønner dei har granska med å bore ned i botnen på dei og så studere dei ulike laga i borekjernen. Det viser seg at desse tjønnene, som låg over havet på den tida, er blitt overfløymde av saltvatn og opprota i botnen. Andre stader er det blitt avsett eit lag med sand som bølgja førte med seg. Kvartærgeologen Stein Bondevik fann dette sandlaget både på Fjørtoft og på Harøy i 1996. Den store bølgja førte til at havet her ute på kysten av Sunnmøre steig om lag 8 m - kan hende så mykje som 10 - 12 m. På Fjørtoft vil det seie at bølgja nådde opp til eit nivå som ligg minst 7 m høgare oppe enn fylkesvegen rundt øya.

Korleis gjekk det med dei som budde langs stranda her på Fjørtoft den gongen? Kom bølgja så fort at dei vart tekne av havet eller fekk dei tid til å kome seg unna lenger inn på land? Dette kan vi berre spekulere over. Eit meir aktuelt spørsmål for oss i dag er vel om det kan kome til å gå nye store ras som vil utløyse liknande bølgjer.

Harald Dyrkorn 2100 Skarnes ©
mob.tlf.: 47347859