Petter Dyrkorn - samlinga
Eit lokalmuseum for arkeologi og geologi på Fjørtoft i Haram


Gamle strandliner på søraustsida av Fjørtoft

På dette fotoet frå søraustsida av øya Fjørtoft ser du fire gamle strandliner merka med namn og svarte strekar. Legg særskilt merke til at strandlina for 9000 år sidan no er overfløymt av havet!(Sjå meir tekst under biletet)

Havnivåkurve for Fjørtoft

Den eldste strandlina ( kan hende 12800 år gamal ) er merka av med namnet "Marin grense". Det er det høgaste havnivået etter istida. Ved den gamle fotballbanen i Vardebotnen er det tydeleg merke etter dette havnivået. Så kjem "Yngre Dryas". Denne strandlina er frå om lag 10 300 år sidan. På vest- og nordsia av øya kan ho finnast att rett ovanfor Samfunnshuset og ved Halsen. Den såkalla "Tapes-transgresjonen" er strandlina frå om lag 7000 år sidan. Så ser vi at sjøen ein gong har stått lågare enn no: Strandlina frå 9000 år sidan ligg no om lag 10 m. under dagens havnivå!

Harald Dyrkorn 2100 Skarnes ©
mob.tlf.: 47347859