Ytste
neset med fyrlykta er eit kjent mål for sundagsturen både
for bygdefolk og tilreisande. Noko av myrområdet i Fjørtoftneset
er freda; det same gjeld gravrøysene. Fjørtoftneset
har vore myr og lynghei i fleire tusen år. Men no er den atlantiske
lyngheia, som kulturlandskapet på Nordøyane er ein del
av, sterkt truga. Ja, lyngheia er faktisk eit kulturlandskap; det
er skapt av menneske som brende og hogg ned skogen for minst 3000
år sidan. Seinare har lyngmarkene vore brukte til beite, det
er ikkje så lenge sidan at dei slutta å brenne lyng på
Fjørtoft. Somme stader er det no planta furu og sitkagran,
andre stader gror det att med kratt og lauvskog. Men Fjørtoftneset
er framleis myr og lyng, og vonaleg får det lov til å vere det framover. |