|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|
Kulturen
i landskapet Landskapsforståing
hos jeger-samlarar i vår tid Landskapet er ein ressurs og ein føresetnad for menneskesamfunn og kultur. Men kulturen set også spor i landskapet. Ikkje berre i fysisk forstand som "kulturlandskap", men også ved at menneske gjev meining til konkrete landskapselement og særskilte hendingar i områda dei opererer innanfor. Kva for nye erfaringar med landskap og omgivnader måtte pionermenneska gå gjennom når dei kom frå dei nordeuropeiske lågslettene og Nordsjølandet over Norskerenna til eit opprive kystlandskap med stupbratte fjellsider, holmar og skjer og isbrear som kalva i fjordane? Korleis opplevde dei dette, og korleis tok dei det opp i kulturen sin som ein del av ei ny livsverd som dei kom til å kjenne seg heime i? Kan vi finne terrengformasjoner som fjell, kløfter eller andre naturformer og hendingar som kan tenkjast å ha påverka oppleving og oppfatning av landskapet? Kan slike landskapselement og hendingar til dømes ha festa seg i myter og forteljingar? Kort sagt: Har landskapet betydd noko for steinaldermenneska, slik det faktisk betyr noko for oss i dag?
Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes ©
|