|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|||||||
|
|
Kvinnegrav på Malen, Fjørtoft I 1965 fann Jon Otterlei på Fjørtoft restar etter ei 1100 år gamal kvinnegrav på eigedommen sin, Fredheim, på Malen. Amatørarkeologen Petter Dyrkorn tok kontakt med Bergens Museum, og grava vart granska av stud. mag.art. Bente Magnus. Kvinna, som må ha tilhøyrd overklassen i samfunnet, var lagt ned ei ein båt. Ved utgravinga kom det for dagen to ovale spenne frå ei kvinnedrakt, eit treflika spenne og ei sølje. Dei to ovale spenna var i gylt bronse, og det treflika var laga av forsølva bronse. Mønsteret på det treflika spennet er eit motiv med såkalla gripedyrsornamentikk. Den gravlagde kvinna hadde også fått med seg eit langt perleband med fleire hundre perler av farga glas og nokre store, fine keramiske perler. Desse siste kan ha kome til Fjørtoft frå Midtausten, kan hende via handelsstader som Birka i Sverige. Det var også perleproduksjon i den gamle, danske byen Ribe. Gravfunnet frå Malen er no plassert i Bergens Museum.
Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes
©
|
|
|||||