|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|
Landskapsforståing
hos jeger-samlarar i vår tid I australske samfunn er viktige landformer som fjell, kløfter, store steinar og vatn skapte av mytiske heltar i ei såkalla "Draumetid". Heltane frå Draumetida kunne også skape seg sjølve om til steinar, tre og andre naturfenomen. Det same finn vi att hos eldlendarane ved Kapp Horn (kulturen deira vart borte tidleg på 1900-talet). Dei har etterlate seg eit stort repertoar av myter og forteljingar som fortel korleis forfedre og heltar i ei fjern tid lærte folket å jakte, fiske og byggje hytter og samstundes gav dei levereglar. Desse mytiske forfedrane - som ofte var dyr og fuglar - skapte seg ofte om til steinar og fjell og andre landskapselement som faktisk kan attkjennast i naturen i dag. Om andre heiter det at dei for til himmels og vart i følgje mytane ståande der som stjerner vi kan sjå på natthimmelen. Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes ©
|