|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|
Jarnalder og fram mot vikingtid Arkeologane deler inn jarnalderen i yngre og eldre jarnalder. Ei finare oppdeling i seks underbolkar vert også brukt: - Førromersk
jarnalder ( Om lag 500 f. Kr. - 0 Kr.f.) I hellarar
på Valderøy og Dryna I Skjonghelleren på Valderøy, i Hamnsundhelleren og i andre liknande fjellholer er det funne tjukke lag med buplassrestar som viser seg å stamme frå denne delen av jarnalderen.. Desse holefunna har nokre forskarar tidlegare tolka som spor etter eit "hellerfolk" som hadde tilhald i holene heile året. Andre har meint at det har vore tale om sesongbustader. Funn av store mengder torskebein i Skjonghelleren - 18 gonger så mykje som det er bein av sei der - tyder på at folk helst har budd der om vinteren når det var lett å få tak i torsk. Store mengder med bein av alkekonge tyder også på vinterbusetnad. Alkekongen var berre å finne langs kysten om vinteren. Fiskarbusetnaden i Skjonghelleren går så langt tilbake som 500 f. Kr. og kan sjåast som eit vitnemål for at folket på kysten levde i ein slags blandingsøkonomi med jordbruk og sesongbasert fiske med tilhald i holene på utsida av øyane. Funn av bein i hellaren viser at jarnalderfolket slett ikkje levde berre av torskefiske, men jakta også på sel, oter og hjort. I Rønstadhelleren på Lepsøy har det også budd folk. Det er funne ein beinkam der. Diverre vart kulturlaget i hellaren fjerna og seld til ein guanofabrikk. I ein av dei store hellarane på utsida av Dryna er det også funne spor etter bustnad i denne eldste perioden av jarnalderen. Funna i holene på Dryna vart gjort av Svein Dyrkorn og Ole Roger Dyrkorn og er registrerte ved Vitenskapsmuseet i Trondheim. Holene - ikkje bustader, men rituelle plassar? Holer og hellerar blir ofte sett i eit perspektiv av at det skal ha budd folk inne i dei. Det har såleis vore mykje debatt om kven som kan ha budd inne i desse holene i jarnalderen. Arkeologen Randi Barndon har ei anna tilnærming. Ho valde å sjå på til dømes Hamnsundhellerensom ein stad folk i forhistorisk tid har tillagt betydning eller meining. Då blir hola ein rituell stad, ein inngang til eller plass for kommunikasjon med ei anna verd, om ein vil. I Hamnsundhelleren har det vore funne spor etter jarnbearbeiding og kan hende også produksjon av jarn. I jarnalderen kan smelting og bearbeiding av jarn ha vore ei heilag handling, ei handling som kan ha gått føre seg inne i hola. Det treng såleis ikkje å ha budd folk i hola; dei kan ha budd utanfor og berre brukt hola som lokalitet for produksjon og bearbeiding av metallet og som ein rituell stad.
Flatmarksgraver
utan gravgods Kontakt
med omverda Samfunnet er ikkje klasselaust lenger; det vitnar dei rike gravene om. Funn av kvinnegraver på Giske og Godøy viser at ein minoritet av folket no hadde fått til å skaffe seg luksusgjenstandar frå dei romerske koloniane lenger sør. Frå Godøy kjenner vi ein vakker gullberlokk frå ei kvinnegrav på eigedommen til Oddvar Strandkleiv. Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes ©
|