|
Siste
istid på Mørekysten
Den
siste istida - Würm/Weichsel - varte i om lag 100 000 år. Men
dette var ikkje ein lang samanhengande kuldebolk der breen dekte heile
landet. Vestkysten av Noreg og store delar av innlandet var isfrie i fleire
perioder i dette tidsrommet. Nokre av desse interstadialane som dei heiter,
var på mange tusen år der klimaet av og til var like mildt
som det no er på Finnmarkskysten. Den yngste av desse lange isfrie
periodane har fått namnet "Ålesund interstadial".
Forskarane har funne avsetningar frå denne tida både i Skjonghellaren
og i Hamnsundhellaren. Dette er to kjende fjellholer der det er funne
avleiringar frå storedelar av siste istid. Skjonghellaren ligg på
vestsida av Valderøya. Grunnfjellet i opningen av hola ligg om
lag 30 m.o. h. Inne i hola er det over 20 m tjukke lag med lausmassar,
og golvet eit stykke inne i helleren ligg 63 m.o.h.

Skjonghellaren
på Valderøy (Foto: Harald Dyrkorn)
Hellerane
fortel
I
Hamnsundhelleren ligg grunnfjellet i opningen 54 m.o.h, og lausmassane
inne i denne helleren er 15 m tjukke. Begge hellerane har vestvende opningar,
noko som gjorde dei mindre utsette for å bli endevende av isen i
dei periodane breen dekte området.
I slike hellerar
kan ein finne historia om siste istid gøymt i lausmassane som har
samla seg opp inne i holene. Lagdelinga i lausmassane vekslar stort sett
mellom lag med fin, leireliknande masse avsett i ferskvatn og grovare
massar med innhald av store steinblokker og restar av dyrebein. Laga som
inneheld steinblokker er danna i isfrie periodar, medan dei fine leirlaga
er avsette i ferskvatn som breen demte opp inne i hola i periodar med
total nedising av landskapet rundt. Kvartærgeologar og arkeologar
har grave seg ned gjennom massane og studert dei ulike laga som er avsette
oppå kvarandre. Frå rapportane deira kan vi lese oss til svært
mykje om korleis landskapet har endra seg på Sunnmøre opp
gjennom dei siste 60 000 åra.
Lagdeling i lausmasser i Skjonghellaren (Foto: Arild Sandøy)
Ålesund
interstadial - ein varmeperiode i siste istid
Det
viser seg at her har vore to lange periodar og ein kortare periode med
isfritt land. I den nest siste perioden, Ålesund interstadial, har
isen truleg lege så langt inne som i Gudbrandsdalen. Klimaet har
vore om lag som på Svalbard eller i Finmark. Det er funne bein av
rype i Skjonghelleren og reinsdyrbein i Hamnsundhelleren. For at rypa
skal kunne greie seg, må klimaet minst ha vore såpass mildt
som på Svalbard i dag. Funn av plantar frå den aktuelle tidsperioden
i Barstadvik tyder også på det. Dette tidsrommet er datert
til om lag 30 000 år sidan. Den førre varmeperioden (interstadialen)
var for om lag 55 000 år sidan.
Istidsmenneske
lenger sør - var dei i Noreg også?
Ålesund
Interstadial er frå ein periode 30 000 - 28 000 år sidan då
det budde Cro Magnon-menneske lenger sør i Europa. Cro Magnon-menneska
er dei første kjende representantane for det moderne mennesket
i Vest-Europa. Dei er mellom anna kjende for den rike kunsten dei har
late etter seg, mellom anna som holemaleri i Frankrike og Spania og ei
mengd små skulpturar som framstiller både dyr og menneske.
Truleg fanst
det også att neandertalmenneske i same perioden. Neandertalarane
høyrer til ei anna gruppe enn Cro Magnon. Dei døydde ut
med siste istid. Truleg vart dei konkurrerte ut av Cro Magnon - menneska.
Det er slett ikkje utenkjeleg at nokre av dei kan ha kome streifande nordover
til våre kantar på jakt etter villreinen som det finst bein
av både i Hamnsundhellaren og Skjonghellaren. Det finst ikkje klare
prov frå dei to hellerane på at her har vore folk i Ålesund
Interstadial, men som nemnt var det fullt mogleg å bu her. Her var
både rein og anna vilt å leve av.
Etter varmetida
Ålesund Interstadial tok slutt, for rundt 28 000 år sidan,
tok isen til å vekse og trengje seg fram mot kysten att. Denne framstøyten
vart rett nok avbroten av ein ny varmeperiode - Hamnsund Interstadial
- som det er spor etter i Hamnsundhellaren, men som var kortvarig.
Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes(webansvarleg)
mob.tlf.: 47347859
|