Petter Dyrkorn - samlinga
Eit lokalmuseum for arkeologi og geologi på Fjørtoft i Haram


Til hovudside

Alnes og Rogneholmen - to endemorenar

Istransport av flytteblokker (liten gif-animasjon)

 

Merke etter istida

Rett etter avsmeltinga må vi rekne med at Mørekysten var aude og kald og ugjestmild sett med våre auge. Korleis ville øya ha sett ut for ein som skulle gå i land der? Snaufjellet låg i dagen alle stader, dekt av store steinblokker, grus, leire og andre lausmassar som breen hadde drege med seg. Og isen hadde sett sine merke på landskapet. Desse merka kan vi sjå i dag også.

Store flytteblokker på sørsida av Fjørtoft
Porfyr som har kome frå Oslo-feltet ( 15 cm lang)

Flytteblokker
Eit viktig spor etter isen er dei mange flytteblokkene av framand bergart. Dette er store og små steinblokker av bergart som ikkje høyrer heime her på Nordøyane. Desse steinane har kome hit med drivis frå andre delar av landet. Mange av desse flytteblokkene har lege fastfrosne i isfjell, andre kan ha ramla ned på sjøisen og så kome drivande på store isflak. Dei største steinane må ha kome med store isfjell og isflak i ein periode då sjøen stod langt høgare enn no. Det ligg svært mange store og små slike flytteblokker rundt på øyane. Det har kome porfyr, granitt og ulike andre bergartar frå Oslofeltet og store konglomeratblokker frå Nordfjord. I fjøra i Krokane litt innanfor Grønholen ligg det eit par slike store konglomeratblokk.

Skuringsstriper på snaufjellet
Vi har skuringsstriper etter isbreane fleire stader på øyane. Desse stripene er skrubba ned i fjellet av stein som har lege under breen og gnudd på berget som grovt sandpapir samstundes som breen seig utover mot havet. Skuringsstripene kan fortelje mykje om breen, mellom anna kva retning han har gått i. Vardesteinen på Fjørtoft er utforma av isen. På austsida, som vender mot brerørsla, er den vesle toppen rundslipt. På vestsida, der trykket har vore mindre, har isen frose fast, sprengt ut og drege med seg blokker.

Flint frå Danmark
Flinten som steinalderfolka brukte til å lage reidskap av kom også med isen. Han kom fastfrosen i isflak og isfjell frå kysten av Danmark. Også i nyare tid er det observert at flint og annan stein kan kome drivande med isflak frå danskekysten.

Morene
Oppå snaufjellet la breen etter seg mykje lausmasse. Dette kallar vi morene. Morene er stein, grus og leireliknande materiale som blir transportert med breen. Breen skuva framfor seg ein stor voll med lausmasse: endemorene. Desse morenane ligg no att som ryggar i landskapet. I Harøyfjorden ligg det store ryggar med lausmasse i retning søraust/nordvest. Desse ryggane kallar geologane drumlinar.

På sida av breen vart det også drege med store mengder grus og stein. Store blokker datt ned på breen frå fjellet ovanfor og kunne såleis bli transportert over lange strekningar. Desse lausmassane langs kantane av breen blir kalla sidemorene. På undersida av breen var det også mykje lausmasse. Store delar av lausmassane på øyane, både på land og i fjordane, er opphavleg slik botnmorene som har lege under den store breen. All morenen nedanfor den gamle strandlina i Vardebotnen er utvaska og omrota av sjøen. Såleis er mykje av dyrkingsjorda på Nordøyane gamal havbotn.







Alnes på Godøy er restar etter ein endemorene (Foto: Arild Sandøy)

Alnes og Rogneholmen - to endemorenar
Eit godt synleg "minnesmerke" etter istida er Rogneholmen. Denne langstrekte holmen er ein lausmasserygg som er danna ved ein brefront mot nordaust. Rogneholmen inneheld ikkje berre morenemateriale, men også mykje grus og sand som har blitt lagt opp av ei breelv. Rogneholmen er danna heilt i slutten av siste istid framfor ein stor isbre som låg eit stykke ut i Longvafjorden, midt ut i Haramsfjorden, vidare over innsida av Lepsøya, på utsida av Vigra og inn att ved Alnes på Godøy. Alnes er ein endemorene, truleg i det same bresystemet som laga Rogneholmen. Denne breen hadde ein kalvingsfront nordaustover mot den sørlege delen av Harøyfjorden. Breen kom ut mellom Gamlemsveten og Hildrehesten og ut gjennom Samfjorden. Store stykke kalva frå breen og ut i Harøyfjorden der dei vart liggjande å drive som isfjell. Isen smelta fort og seinast for om lag 12 300 år sidan var leia over Lepsøyrevet og Nordøyane isfrie.

Nordøyane og Sunnmørskysten vart isfri i ein periode geologane kallar Bølling etter ein stad i Danmark der dei fann avleiringar frå den tida. Rett etter Bølling kom det ein kort kuldeperiode, Eldre Dryas, men nyare forsking i form av kjerneprøver mellom anna frå Lerstadvatnet ved Ålesund viser at denne "nedkjølinga" har ikkje sett særleg spor etter seg på Sunnmøre, i alle høve ikkje på plantelivet som ser ut til å ha vore upåverka av den korte kuldeperioden.

Harald Dyrkorn 2100 Skarnes ©
mob.tlf.: 47347859