|
Førhistoriske
kulturar Kva meiner så arkeologane med kulturar? Det har nok ikkje vore like klart for arkeologane sjølve heller, viser det seg. Når vi snakkar om kultur i våre dagar, så tenkjer vi sjølsagt ikkje berre på reidskap og andre restar etter materiell kultur, men kan hende mest på slikt som har med tankar, idear, språk, meining og betydning å gjere. Kulturomgrepet til arkeologane er laga for å kunne samanlikne og om mogleg påvise samanheng - eller mangel på samanheng - mellom ulike funn av reidskap og buplassar frå førhistorisk tid. Kulturomgrepet har også hatt eit tidselement i seg; det har vore brukt til å seie at den og den buplassen høyrer til i den og den tidsperioden og er minne etter den og den folkegruppa. Nokre arkeologar har tenkt seg at ein kultur er eit uttrykk for ein bestemt måte å tilpasse seg naturen og omgivnadene på. Andre har knytta ordet kultur til reidskapssett og reidskapstypar og gått ut frå at det er ein nær samanheng mellom reidskapstype og kulturelt utviklingsnivå og dermed også alder på funnet. Den svenske arkeologen Montelius meinte å sjå ei utvikling innan reidskapsteknologien som kunne vere ein parallell til den biologiske utviklingslæra. Slik inndeling av forhistoria i periodar og kulturar på har utan tvil vore til stor hjelp, og ført til framsteg for forskinga. Men av og til har det vist seg at dei samanhengane eller den mangel på samanheng som arkeologane har trudd dei har funne, slett ikkje stemmer. Ein måte å forstå førhistorisk kultur på er å seie at ein kultur er definert gjennom at bestemte reidskap og reidskapstyper finst saman. Brukt på denne måten vil alle reidskap som har visse felles trekk kunne seiast å tilhøyre same kultur. Når vi såleis finn buplassar med nokolunde like reidskapssett, er det stor sjanse for at dei er restar etter den materielle kulturen til same folkegruppe. Det er også svært sannsynleg at dei er like gamle. Men denne tenkjemåten er ikkje utan problem. Amatørarkeologen Hans Kaldhol er ein av dei som førte denne måten å bruke kulturomgrepet på altfor langt. Han tenkte seg at når han fann flintereidskap på Gjermundnes og andre stader på Møre med same form som dei Neanderthal-menneska i Tyskland og Frankrike brukte for 70 000 år sidan, så måtte hans eigne funn også vere frå same tidsrommet og representere same folkegruppe. Problemet med dette er at dei reidskapstypene Kaldhol fann og trudde var Neanderthal- reidskap har vore laga på fleire stader i verda til svært ulike tider. Ein kan såleis ikkje sjå einsidig på reidskapstypane på ein buplass og dermed automatisk fastsetje alderen. Vi skal no
sjå på korleis ei oppfatning av det arkeologiske kulturomgrepet
i lang tid har hindra arkeologane å finne løysing på
eit gamalt problem i studiet av eldre steinalder i Noreg. Vi skal også
sjå korleis det til slutt vart funne ei løysing på
det mellom anna gjennom viktige funn frå Fjørtoft og Skuløy. Fosna-Nøstvet
problemet i norsk steinalder På Trøndelagskysten ligg Fosna- og Nøstvetplassane i kvar sine godt åtskilde høgdenivå: Fosnaplassar ligg høgst. Sørover kysten frå Trøndelag ligg dei om lag 40 m lågare enn høgste havnivået ( marin grense ) ved slutten av istida. Nøstvetplassane finn vi lenger nede, nærare bestemt rundt strandlina frå tapestrangsgresjonen . På Nordøyane er dette om lag 10 m.o.h.. Dette tilseier høgare alder på Fosnaplassane, sidan dei ligg høgast i terrenget. Så
viser det seg at di lenger nedover kysten ein kjem, di mindre blir nivåskilnaden
mellom dei to kulturane. På Romsdal- og Sunnmørskysten finn
ein faktisk både Fosna og Nøstvet side om side heilt nede
ved Tapes-strandlina ( om lag 10 m.o.h. på Fjørtoft). Det
ser såleis ut til at dei to kulturane har levd side om side til
same tid på Sunnmøre. Dette har skapt visse problem for arkeologane
når dei skulle forklare tilhøvet mellom Fosna- og Nøstvetkulturen. Fosnakulturen Fosnakulturens reidskapssett og flintteknikk er prega av grovt tilhogne flinteflekker og skiver. Vanlege reidskap er skraparar av ulik form og storleik. Desse skraparane kan vere laga av grove flinteskiver eller flekker. Andre kan rett og slett berre vere tilfeldige avslag som er tekne i bruk som skraparar. At dei har vore brukte, ser vi av bruksslitasjen. Dei hadde også grovt tilhogne pilspissar med tange. Eit anna særmerkt reidskap er stikkelen eller gravstikka. Denne brukte dei til å grave i bein med. Nøstvetkulturen På
grunn av dei særmerkte teknologiske trekka trudde nokre arkeologar
i førstninga at Nøstvetkulturen kom med eit heilt nytt folk
som vandra inn i landet frå sør medan Fosnakulturens folk
enno levde på kysten. På Møre kunne det sjå ut
som desse to folkegruppene har levd side om side med kvar si teknologiske
tilpassing. Seinare har ein også vore inne på tanken at dei
to ulike reidskapssetta stammar frå same folkegruppe, men at dei
er uttrykk for to ulike aktivitetstypar. To viktige funn, eit på
Fjørtoft og eit på Skuløy, har vore sterkt medverkande
til å løyse Fosna/Nøstvet-problemet. Dette gjeld steinalderlokalitetane
Dysvika på Fjørtoft og Stølen
på Skuløy. Innvandring
av nye folk? Men innvandringsteorien møtte tidleg motstand, og ein av dei mest aktive motstandarane var landsbruksskulelærar og amatørarkeolog Hans Kaldhol på Gjermundnes. Alt tidleg på 1920-talet var han inne på tanken om at det vi kallar Nøstvetkulturen må ha utvikla seg innan same folkegruppe som har etterlate seg Fosnaplassane. Spørsmålet er då korleis Kaldhol kunne forklare at på Sunnmøre låg Fosna- og Nøstvetplassar fullt utvikla særpreg kunne liggje side om side. Kvar kunne ein i så fall finne plassar som kunne visse at det faktisk hadde vore ei slik naturleg utvikling som Kaldhol tenkte seg? Kaldhol drøfter dette spørsmålet i 1925 i boka "Bidrag til Møre fylkes kvartærgeologi. Strandlinjeforskyvninger under den eldre del av stenalderen.". Han skriv mellom anna: "Det er ved tallrike fund bevist, at det vi kaller flintplasser (Fosna) stanser opp ved tapesnivået ( tilsvarer 10.m.o.h på Nordøyane ). De kan også nettopp ved tapesgrensen finnes side om side med Nøsttvetformene, den rundt om slagne og slepne stenøks, skifersaker etc. Det merkelige er at Nøsttvetformene finnes fullt utviklet med en gang, så man uvilkårlig må tenke på en innvandring av nye folkeslag som fører med seg den nye kultur fullt utviklet. Betrakter vi imidlertid fra den annen side at landet først har hevet seg til en større høide enn nu......, for så langsomt å senke seg til det vi kaller tapesnivået, vil vi begynne å få en annen opfatning..... Da havet steg, måtte menneskene vike unda, og da havet nådde sitt høieste stand under tapessenkningen - tapestidens strandlinje -, levet der overalt et folk, hvis våpen og redskaper hadde den særegne type som vi kaller Nøsttvedtformene. Jeg holder altså de vannslitte redskaper fra et lavere nivå enn tapestidens strandlinje for å være eldre enn tapessekningen. De Nøsttvedtformer som vi finner under tapestidens avleiringer, må være efterlett på et tidsrum da disse strekninger var hevet over havet." Kaldhol var også inne på at ein kunne finne intakte buplassar som ikkje var øydelagde av havet i tapessenkinga og som kunne hjelpe til med å vise overgangen fram mot den reidskapskulturen som fekk namnet Nøstvet. Av ein eller annan grunn har ikkje dei arkeologiske fagfolka festa seg noko særleg ved ideane til Hans Kaldhol. Dei ser ikkje ut til å ha lagt like stor vekt på kvartærgeologiske tilhøve som landbruksskulelæraren og amatørarkeologen gjorde. I ein artikkel av Svein Indrelid i skriftet "Nærsamfunnet i kulturhistorisk lys", utgitt av Haram Kulturhistoriske lag i 1974 ser vi at han er på sporet etter ei liknande forklaring som den Kaldhol hadde. Men då har han bakgrunn i eit av dei viktige funna som er gjort på Fjørtoft, nemleg buplassen i Dysvika, funnen i 1972 og utgraven i 1973. I arbeidet sitt "Møre Fylkes Kvartærgeologi III" frå 1920-åra har Hans Kaldhol plassert Nøstvet i perioden før tapestransgresjonen, det vil seie for rundt 8000 år sidan. Han har også peika på at det kan finnast Nøstvet-buplassar frå før transgresjonen sitt maksimum som framleis er intakte og kan gravast ut i dag etter å ha liggje urørt i rundt 8000 år. Dette har han etter kvart fått full rett i, i og med Dysvikja, Stølen på Skuløy og eit par andre buplassar lenger nede på Vestlandet og i Rogaland er blitt funne og utgravde. Desse funna høver svært godt med Kaldhol sine hypotesar. Det same gjer nyare strandlinestudier som viser at havet for om lag 9000 år sidan stod lågare enn i dag, mellom anna på Nordvestlandet. Kaldhol hadde ikkje dei dateringshjelpemiddel som våre dagars forskarar har til rådvelde. Difor er innsatsen hans på dette området heilt utruleg og må seiast å vere eit pionerarbeid som først i våre dagar kjem til sin rett. Kaldhols teoriar på dette området synest å vere heilt i samsvar med det moderne forskarar finn ut. At Kaldhol hadde ei feilaktig oppfatning av lengda på istidene på norskekysten og slutten på siste istida må vi i dette høve sjå bort frå. Han hadde som alt nemnt korkje radiologisk datering eller andre moderne metodar å hjelpe seg med. Men med hjelp av spade og nivellérkikkert kom han til resultat som forskarar seinare har stadfest. Ein kan spørje seg kvifor Kaldhol, observasjonane og teoriane hans har vore så kontroversielle og blitt lagt så lite vekt på. Det kan ha fleire årsaker. Den eine er det faktum at Hans Kaldhol ikkje var formelt utdanna korkje arkeolog eller kvartærgeolog. For det andre kan det kome av at arkeologar, som andre forskarar, har lett for å sjå snevert på sitt eige område. Arkeologane har ikkje før no heilt i dei siste 30 åra sett klart at deira eiga forskning kunne bli utdjupa og utvikla gjennom kontakt med t.d. kvartærgeologi, botanikk og zoologi. Kaldhol representerte ei tverrfagleg haldning til arkeologi som ikkje slo skikkeleg gjennom før i 1970-åra. Han var på den måten om lag 50 år føre si tid. Det skulle gå langt ut på 1980-talet før dei same ideane som Kaldhol stod for faktisk vart stadfesta gjennom faglege utgreiingar. Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes ©
|