Petter Dyrkorn - samlinga
Eit lokalmuseum for arkeologi og geologi på Fjørtoft i Haram


Overfløymde buplassar

For ni tusen år sidan stod sjøen rundt Nordøyane om lag 7 m lågare enn i dag. Sjå havnivåkurve. Så smelta restane av dei store innlandsisane frå siste istid raskt ned, og havnivået steig svært snøgt - snøggare enn landehevinga ute på øyane - og sjøen gjekk opp til om lag 10 m over havnivået i dag. Dette var for ca. 7000 år sidan. Steinalderfolket måtte flytte frå dei overfløymde buplassane sine, men spora etter dei finst. På Fjørtoft og på Longva ligg to av dei mest kjende av dei. Resultata av utgravingar på Baraldsneset og på Aukra i samband med mogleg ilandføring av gass frå "Ormen Lange" vil kan hende kaste meir lys over den eldste forhistoria i området.

Geologen og landbruksskulelæraren Hans Kaldhol var den første som tok aktivt til orde for at det måtte ha budd folk på dei ytste Sunnmørsøyane som hadde fått buplassane sine overfløymde av det stigande havet for om lag 9000 år sidan. I 1925 gav han ut ei avhandling om dette. Kaldhol var utstyrt med spade og ein nivellérkikkert. I våre dagar samarbeider arkeologar, geologar og botanikarar i tverrfaglege grupper og har moderne utstyr og dateringsmetodar tilgjengeleg. Dei har stadfesta at landbruksskulelæraren hadde rett.

Grøftene fortel landskapshistorie
Amatørarkeologen Petter Dyrkorn frå Fjørtoft var ein av dei som merka seg kva Hans Kaldhol hadde skrive. Gjennom 1960-åra studerte han ei rad grøfteprofilar på Nordøyane og sette seg inn i korleis is og hav hadde arbeidd med lausmassane og forma landskapet. Han snakka med gravemaskinkøyrarar, gardbrukarar og andre som hadde lagt merke til myr og jord under gamle strandvollar og merkelege sandlag midt inne i myra der dei grov grøfter. Slik voks det fram eit bilete av korleis tilhøvet mellom hav og land hadde variert gjennom fleire tusen år.

Dysvika-buplassen
Ein dag i 1972 inspiserte Dyrkorn kantane i ein dreneringskanal som gardbrukaren Jon Davik hadde grave gjennom den gamle strandvollen ovanfor Dysvika på søraustsida av Fjørtoft. Han fann straks eit svart, feitt jordlag som var dekt av rullestein og grus kasta opp av havet for 7000 år sidan. Han pirka i den svarte kulturjorda med ei graveskei og fann nokre tilhogne flintefliser og brende hasselnøtskal. Ingen tvil: Her var ein av dei overfløymde buplassane som Hans Kaldhol hadde skrive om i 1925!


Funnstaden ved Dysvika i 1973 (Foto: Petter Dyrkorn)


Petter Dyrkorn i aksjon med gravskeia (foto: Svein Indrelid)


Steinring på Dysvika-buplassen. Mogleg eldstad (Foto: Svein Indrelid)


Mange kom for å sjå på utgravingane på Dysvika


Våren 1973 vart buplassen utgraven av ei tverrfagleg forskargruppe. Resultata var epokegjerande. Dette var den første overfløymde steinalderbuplassen som var funnen intakt og utgraven med slik brei fagleg ekspertise. Datering med 14C-metoden viste at plassen var teken i bruk så tidleg som for over 8000 år sidan og altså overfløymt av havet og pakka ned under ein tjukk voll av grus og rullestein heilt til gardbrukaren på Davik grov kanalen sin gjennom han. Buplassen var fråflytta og overgrodd med eit tynt humuslag før den store flaumbølgja etter Storegga-raset kom for om lag 7200 år sidan. Eit tjukt sandlag oppå kulturjordlaget kan vere spor etter denne katastrofen. Det same sandlaget er funne fleire stader på nordsida av Fjørtoft og på Harøy av geologen Stein Bondevik i 1996.

Stølen på Longva
På garden Stølen på Longva ligg den andre av dei to "klassiske" steinalderbuplassane på Nordøyane. Denne vart utgraven av arkeologen Hein-Bjartmann Bjerck. Også her er buplasslaget dekt av strandmassar og til dels omrota av havet. Denne plassen ligg litt høgare i terrenget og er noko yngre enn den ved Dysvika. Spesielt interessant er det at Bjerck nemner i avhandlinga si at det er gjort funne av steinalderreiskap heilt nede ved fjøra på Stølen. Desse stammar ikkje frå den aktuelle buplassen, men må vere mykje eldre. Og då melder spørsmålet seg: Er dette funn frå ei eldre tid då sjøen stod lågare enn han gjer i dag? Er desse flintreiskapa laga og brukte av folk som budde på Longva for nesten 9000 år sidan eller meir? Ikkje godt å seie, men her ligg det ei utfordring til unge, interesserte arkeologar. For når det budde folk i Drynjesundet og på Baraldsneset for over 9000 år sidan, så er det ingen grunn til at dei ikkje skulle ha funne seg tilhaldsstader på øyane også. Det gjeld berre å finne dei.

Aukra og Baraldsneset
I samband med planane for ilandføring av gass frå "Ormen Lange-feltet" vart det gjort prøvegravingar og registrering av arkeologiske funn på Aukra, Baraldsneset og på Averøy. På Baraldsneset er det mellom anna funne flintreiskap som kan vere mellom 9000 og 10 000 år gamle. Fordi Baraldsneset hadde tjukkare isdekke over seg i istida, så har landet der heva seg meir enn på øyane, og dei gamle strandlinene ligg der noko høgare i terrenget. Det er slike variasjonar over såpass korte avstandar som gjer det til litt av eit puslespel å få oversikt over tilhøva mellom hav og land opp gjennom tidene. Men slike studiar er viktige for å kartleggje utbreiinga av den eldste steinaldersbusetnaden, og når arkeologane, botanikarane og kvartærgeologane får tid på seg til å finstudere funna frå Baraldsneset og Aukra, så vil det venteleg kaste nytt lys over den eldste busettinga på denne kyststrekninga.

Dei arkeologiske funna på Nyhamna på Aukra var svært omfattande. I 2008 kom det ut ei stor, tjukk bok om resultata. Men vi må rekne med at det vil ta fleire år før arkeologane kan seie seg ferdige med å granske dette omfattande materialet.

 

Harald Dyrkorn 2100 Skarnes ©
mob.tlf.: 47347859