|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|
Kaldare
klima og ny isframstøyt Lenger nede på Vestlandet gjekk breen heilt ut til kysten medan det var isfritt forland frå Sunnfjord og nordover. Dei ytre og sørlege delane av Hordaland og store delar av kysten rundt Jæren heilt opp til Aust-Agder var isfrie, og nyare steinaldersforsking på Sørvestlandet viser at det budde menneske på Galta på Rennesøy nord for Stavanger minst så tidleg som for 11 000 år sidan, truleg tidlegare. Så og seie heile Austlandet var isdekt. Breen låg ut til Jomfruland i nedre Telemark og på austsida av Oslofjorden nådde breframrykninga heilt ned til Moss. Geologane kallar denne perioden for Yngre Dryas. Strandlina frå denne tida er lett synleg på alle Nordøyane. På Fjørtoft er ho særleg lett å få auge på i Otterlei og på Davik og nordover myrane mot Vollsvika. På sørsida av øya kallar dei strandvollen frå denne tida for "Midtrimma." Denne strandlina er også svært godt utvikla og lett synleg mange andre stader på Sunnmøre og blir ofte brukt som utgangspunkt for gransking av strandlineforskyvingar ved slutten av istida. Sjøis
langs "Midtrimma". Plantelivet vart sjølsagt sterkt påverka av denne dramatiske klimaforverringa. Men bjørka har truleg overlevd på Sunnmørskysten også i mini-istida Yngre Dryas. Landskapet var ugjestmildt. Om her var folk, ville dei hatt ein tøff kvardag. Til no har ingen funne spor etter folk på Mørekysten som kan provast å vere frå Yngre Dryas, berre framtidig leiting vil kunne fastslå om menneska var her eller om vilkåra her nord på den tida vart for harde for dei. Hans Kaldhol skriv at han fann trekol om lag 80 cm nede i strandvollen frå Yngre Dryas ved Halsen på nordsida av Fjørtoft. Dette kolet kan vere restar etter bål som er blitt utvaska og nedgravd i strandvollen. Det er funne slikt trekol og trekolstøv både på Andøya og på Lista. Arkeologane trur det kan vere spor etter menneskeleg verksemd i nærleiken. Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes
©
|