|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|
Isen blir borte for godt - menneska kjem Landeheving
og mildare klima Menneska
erobrar norskekysten Dei tusen åra mellom 9000 og 8000 år før notid har fått namnet borealtida. No kom fleire plantar og dyr til våre kantar. Skogen kom; bjørka breidde seg vidt ut, furua kom inn austanfrå og lauvtre som or og hassel kom også til Nordøyane. Klimaet betra seg og vilkåra for menneskeleg busetnad vart svært gode. Havet
stig på nytt Fleire stader er det merke etter grunne laguner bak vollen, også på Fjørtoft har vi slike. Her har det stått vatn bak strandvollen som etter kvart fauk fullt av sand og grodde att. Til slutt blei det gjerne torvmyr oppå. Men fleire stader på sørsida av øya er det framleis eit stort søkk i terrenget innanfor vollen, og her har det opp gjennom tidene samla seg store vassdammar i den gamle laguna. Nokre stader demde dei opp og fekk dammane til å bli størst mogleg for å magasinere opp vatn til å drive bygdekverner og treskeverk med vasskraft. Tenk berre på namn som Sørgardsdemma, Ottademma, Demmehaugen ovanfor Skreddarrimma osb. Dette er namn som viser attende til den tida dei store vassdemmene hadde ein plass og ein funksjon i økonomien i bygda. I Fjørtoftneset stakk landet på denne tida berre så vidt ut av sjøen. Det som stakk opp av havet var faktisk berre eit ringatoll. Merka etter denne ringforma strandvollen kan ein i dag lett sjå i terrenget innanfor lykta i Fjørtoftneset. Her ligg det ein stor ringforma voll med til dels stor rullestein. Den sørlege delen av vollen er dekt av eit tynt jordlag med vegetasjon på. I vollen ut mot nordsida er det kasta opp nokre gravrøyser der dei har brukt rullestein frå strandvollen som materiale. Øya Orta i Harøyfjorden var også på den tida forma som eit ringatoll rundt ein lagune like etter at vollen var danna. Det var denne tapestransgresjonen som var årsak til at den kjende steinalderbuplassen i Dysvika (8000 år før notid) på Fjørtoft i si tid vart overfløymt av havet og "nedpakka" under ein tjukk strandvoll av stein og grus heilt til gardbrukar Jon Davik grov dreneringskanal gjennom han over 7000 år etterpå. Forholdet mellom hav og land har sidan Yngre Dryas tida for 10 300 år sidan vore svært ulikt vis på ulike stader i landet. I Trøndelag heva landet seg snøggare enn på Mørekysten, og ein fekk difor ikkje dei same kompliserte variasjonane i havnivået. Desse uklåre tilhøva mellom land og havnivå, og som framleis ikkje er heilt avklåra, gjorde det lenge svært vanskeleg for arkeologane. På Fjørtoft og Skuløy er det gjort viktige funn ( steinalderbuplassane i Dysvika på Fjørtoft og Stølen på Longva) som på avgjerande vis har hjelpt til med å løyse problema.
Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes
©
|