|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|||
|
|
Fjørtoftbåtane Dei to Fjørtoftbåtane vart funne hausten 1940 i myra sørvest for husa til Peder R. Fjørtoft på Marsteinneset på Fjørtoft. Det var far til Peder Fjørtoft, Rasmus Fjørtoft, som fann båtane under dyrkingsarbeid på myrane nedanfor garden sin. Marsteinneset ligg søraust på Fjørtoft. Staden har truleg fått namnet sitt etter nokre store steinar - Marsteinane - eit lite stykke nordvest for naustet til Peder Fjørtoft. Båtane låg nede i myra. Den eine var 10 m lang; den andre var ein småbåt eller "eptirbåt" som det heitte. Den store Fjørtoftbåten har truleg vore ein bruksbåt der årar har vore den viktigaste framdriftskrafta. Båtane var sette heile opp i myra; den store båten var fylt med stein. Der har båtane stått og rotna og etter kvart grodd ned med myr, slik at leivningane kunne finnast att i vår tid. Arkeologane har grunna mykje på korleis slike båtfunn i myrane på Sunnmøre skal tolkast. Det fanst ingen andre gjenstandar i eller ved båtane, heller ikkje slikt som naturleg høyrer heime i båtar. Det kan ikkje ha vore ei grav, for det fanst ikkje spor etter beinrestar eller grvgods i båtane. I nærleiken vart det funne ei 8 m brei steinrøys og nokre trepålar som var sette ned i myra. Per Fett som hadde ansvaret for utgravinga av båtane meinte det måtte vere eit offer. Det var eit heller vanskeleg arbeid å få båtrestane opp or myra og ta vare på dei. Overlærar Bernhard Færøyvik hadde arbeidet med å setje saman båtane. Han var heldig og fann eitt av midtbanda i den store båten nesten heilt uskadd og kunne gå ut frå dette når han rekonstruerte dei andre banda i båten.. I det vesle heftet "Bernhard Færøyvik og Per Fett: Fjørtoftbåtane" har Færøyvik forklart i detalj om det krevjande puslespelet det var å sortere og setje saman båtdelane frå myra på Fjørtoft. Skipshuda i den store båten er av eik og bygd opp med 6 bordomfar. Midt på båten er borda 24 - 26 cm breie. Borda var klinka med jarnsaum. Den minste båten var mykje øydelagt og såleis vanskeleg rekonstruere. Færøyvik trur det har vore ein såkalla "eptirbåt" - ein småbåt som i alle høve ikkje kunne brukast til havs. I dag er begge båtane å finne i båthuset på Sunnmøre museum. Det var ikkje lett å datere Fjørtoftbåtane, då det som nemnt ikkje fanst reidskap, våpen eller anna utstyr i dei som kunne gje ein peikepinn på alderen. Færøyvik meinte at dei måtte vere på alder med Kvalsundbåten. Nyare dateringar viser at Kvalsundbåten er frå om lag år 690 e.Kr. Radiologisk datering av tetningsmateriale frå Fjørtoftbåten viser om lag 860 e.Kr. - noko arkeologane trur er litt for ungt.
Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes ©
|
||