Petter Dyrkorn - samlinga
Eit lokalmuseum for arkeologi og geologi på Fjørtoft i Haram


Film: Arkeologar i felt - frå funn til forteljing

Sjå filmtraileren (2 MB mp4) I traileren er fargane nedtona.

Last ned Quicktime her

I denne filmen kan du sjå korleis arkeologar jobbar i praksis. Arkeologien er eit puslespel der restar etter materiell kultur blir sette saman til små og store forteljingar om korleis folk levde i førhistorisk tid. Filmen freistar å gje eit lite innblikk i prosessen frå funn til desse forteljingane.

Vi følgjer arkeologar og ein osteolog (beinekspert) under utgraving i to hellerar i Herand i Hardanger sommaren og hausten 2005. Vi vitjar òg magasina i Bergen Museum der det innsamla materialet ligg i arkivet.

Speletid for heile filmen: 25 minutt
Regi, manus og kommentar: Ida Dyrkorn Heierland
Foto og redigering: Arild Sandøy
Produsert av iMedia AS for Mesoprosjektet 2006.

Filmen kan du bestille på DVD (pris: kr. 200 + porto) hos: Ida Dyrkorn Heierland.

Harald Dyrkorn 2100 Skarnes ©
mob.tlf.: 47347859