|
Mildt
i Bølling- og Allerød-tid
Etterkvart som isen smelta, heva landet seg merkbart fordi
trykket på landet minka. Hevinga var størst inne på
fastlandet, for der hadde jo isen vore tjukkast og trykt landet meir ned
enn ute på øyane. Dette gjer at den gamle strandlina frå
istidas slutt - som ute på øyane ligg på rundt 30 -
40 m.o.h. - ligg langt høgare inne fjordane. På Stette ligg
ho meir enn 60 m.o.h.
Dei isfrie
kystområda tok altså til å heve seg. Kor mykje Nordøyane
og dei ytre delane av kysten lyfte seg opp or sjøen i denne mildare
perioden som varte i om lag 1000 år, er ikkje heilt sikkert, men
truleg steig landet raskt opp av havet. Det ligg framleis uløyste
forskingsoppgåver her og ventar på dei som vil gå laus
på korleis tilhøve mellom havnivå og tørt land
var på Sunnmørskysten på denne tida. Denne milde perioden
- Allerødtida - har fått namn etter Allerød i Danmark.
Planteliv
I Bøllingtida
og vidare utover i Allerød kom plantar og anna liv inn att for
fullt etter nedisinga. Om plantar kan ha overvintra på Gamlemsveten
og andre toppar som kan ha stikke ut av storbreen, veit vi ikkje, men
det er ikkje utenkjeleg. Plantelivet på ytre Sunnmøre i overgangen
mellom Eldre Dryas og Allerød var prega av slektene Oxyria og Rumex.
Dette er plantar som vi i dag kjenner som syregras og høymol. Den
gongen var det fjellformene av desse plantane som dominerte. Det fanst
også fleire hardføre artar av seljeslekta (Salix). Ei av
desse var den vesle krypande busken musøyre. Plantelivet var sterkt
arktisk prega med mange arter vi i dag kjenner frå snøleier
og smeltevassområde i fjellheimen. På somme stader var det
tørrare område med gras og pionerplantar som tindved (Hippophaë)
og malurt (Artemisia). Etter kvart som humuslaget vart tjukkare i Allerødtida,
kom det til nye og meir kravfulle arter. På fastlandet voks det
fram små skogflekkar av fjellbjørk. På Nordøyane
var det også bjørkekratt her og der. Heivegetasjon med gras
og krækjebærlyng som dominerande arter var vanleg både
på fastlandet og på øyane.
Med plantene
kom også dyra. I sjøen var det fisk der selen og oteren kunne
finne levemåte, og på land kom truleg reinsflokkane på
nytt nordover kysten. På Blomvåg i Hordaland er det gjort
eit funn som inneheld m.a. reisdyrbein og bein av mange andre slags dyr
og fuglar. Det er datert til om lag 12 500 før notid, det vil seie
santidig med at Mørekysten var blitt heilt isfri.
Var det menneske her
i Bølling og Allerød?
Kan
Sunnmørskysten ha vore vitja av menneske i Bølling eller
i Allerødtida? Blomvågfunnet viser at det alt på denne
tida fanst plante- og dyreliv nok til å gje folk som levde av jakt
og fangst eit næringsgrunnlag. Og isbreen låg i Allerød-tida
langt inne i landet. Ute i havet låg Vikingbanken tørrlagt
som ei stor øy, nesten like stor som Jylland i Danmark. Lenger
sør låg store delar av Nordsjøen som tørt land.
Der veit vi at reinjegerane heldt til. Vi må kunne rekne med at
dei på sine vandringar etter reinen kom seg over Norskerenna og
kan hende også oppover kysten av Noreg.
Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes
©
mob.tlf.: 47347859
|