|
Petter Dyrkorn - samlinga |
|
Åkerspor etter den eldste garden? På nordsida av Fjørtoft - på flata mellom Helvika og Volsvika - er det eit stort område med forhistorisk åker. Det vart oppdaga av amatørarkeologen Petter Dyrkorn. I 1985 var det ei større utgraving i området som avdekka store flater med ardspor (spor etter treplog) i jorda. Det vart også funne stolpehol etter hus, keramikk og ei hellekistegrav. Her har det vore jordbruk som strekkjer seg heilt attende til bronsealder og kan hende yngre steinalder. Kan hende ligg den eldste garden på Fjørtoft nett her.
Ardspor som svarte strekar på kryss og tvers Åkrane frå yngre steinalder og bronsealder i Vollsvika og ved Helvika har vore pløgde med treplog, eller ard som det heiter. Arden er ein reiskap som har vore brukt i tusenvis av år mange stader i verda. I Noreg har denne treplogen vore i bruk til langt opp mot vår tid. I danske torvmyrar, der saker av tre har halde seg godt sidan stein- og bronsealderen, er det funne to hovudtypar av ard. Det er krokard og bogeard. Den eldste og enklaste er krokarden. Her har fortidsbonden rett og slett utnytta den naturlege forma på ei tregrein. Bak på arden sette dei ein opprettståande pinne med eit lite handtak til å halde i og styre med. Bogearden var ein meir samansett plog der styre og plogskjere var ført gjennom eit hol i den nedste enden på draget (åsen).På denne måten kunne dei bestemme kor djupt arden skulle ta ved å skuve fram skjeret og til sist skifte det ut når det vart utslite. Denne ardtypen var i bruk til plogen med veltefjøl tok over og førte med seg ei langt meir effektiv bearbeiding av jorda. Ved utgravingane i Vollsvika kom ardspora fram som mørke striper på kryss og tvers i den noko lysare undergrunnen. (Sjå på fotoet ovanfor på denne sida) Ardspora vart funne av Petter Dyrkorn som trekanta mørke flekkar i veggen i ein grøfteprofil. Desse enkle plogane var med på å forandre Fjørtoft frå å vere skogkledd til å bli ein del av den Nordatlantiske lyngheia.
Harald
Dyrkorn 2100 Skarnes ©
|