|
Petter Dyrkorn - samlinga |
||||
|
Landskapshistorie Berggrunn
|
Om samlinga Samlinga er i 1. etasje på Otterlei skule på Fjørtoft i Haram. I samlinga, som blei oppretta av amatørarkeologen Petter Dyrkorn i 1991, finst det eit arkeologisk materiale med gjenstandar frå hovudsakleg eldre og yngre steinalder frå Fjørtoft. Der er også ei lita geologisk samling med bergartsprøver frå den spennande UHP-berggrunnen på nordaustsida av Fjørtoft. Her vart det funne mikrodiamantar i ein spesiell gneisbergart. Dette vekte mykje oppsikt i internasjonale fagmiljø, og den aktuelle bergstrukturen er sterkt i fokus blant geologane. I 2002 vart det også funne diamantar på ein annan lokalitet på øya. I samband med Fjørtoft-treffet i pinsa 2010 blir det "Vandring i landskapshistorie". Harald Dyrkorn er guide og fortel om landskapshistorie og innvandringa av menneske til området.
Nye websider!
Gravrøyser i Fjørtoftneset Sidene er oppdaterte: 8. januar - 2010 |
|
||